Har du eit hasteoppdrag?
Close
Firdavegen 16, 6800 FØRDE
Mandag - Fredag 08.00 - 16.00

Om oss

Vestland Elektro og Rør AS

Om oss og våre tenester
Kunngjering:

Frå 1. januar 2020 utvidar Vestland Elektro og Rør AS si verksemd ved å slå seg saman med Årdalsbakke Elektro AS. Selskapa har hatt eit godt samarbeid over lengre tid og ein fann i samråd ut at tida no var inne for å slå seg saman og drive vidare under Vestland Elektro og Rør AS.

Leiinga i begge selskap meinar at selskapa utfyller kvarandre godt på kompentanse, ressursar og geografi og ser dette som ei vesentleg styrking som sikrar lokale arbeidsplassar og kjem både tilsette og kundane til gode.

Årdalsbakke Elektro AS har eksistert som jølstringane sin dyktige, lojale og lokale elektrikar sidan tidleg på 1960-talet.

Her blir den same, kjekke gjengen fortsatt å finne i sine lokaler i Vikavegen på Skei med same telefonnummer, klar til å hjelpe kundane med minst like stort engasjement som før. Den einaste forskjellen vert at namnet på selskapet er endra.

Vestland Elektro og Rør AS er lokalisert med avdelingar i Førde, på Skei i Jølster og med ein montørbase i Loen. Avdelingane i Førde og på Skei leverar både elektrikar- og rørleggartenester, medan i Loen har vi foreløpig kun stasjonert elektrikar. Totalt er vi 40 tilsette fordelt på desse avdelingane, og vi meiner vi er godt rusta til å bistå våre kundar med både smått og stort.

Ta kontakt med oss så skal vi hjelpe deg så godt vi kan!

Om Vestland Elektro og Rør AS:

Vestland Elektro og Rør AS vart første gang etablert i 1998 som Førde Elektro AS.
I 2008 utvida selskapet til også å levere rørleggertenester og skifta namn til Førde Elektro og Rør AS.
I 2019 vart selskapet oppkjøpt av Vestlandgruppen AS og skifta namn til Vestland Elektro og Rør AS.
Vestlandgruppen AS består av tilsette i Vestland Elektro og Rør AS, noko som betyr at selskapet er 100%
lokalt eigd av personar som har sitt daglege virke i selskapet.

Selskapet har hovedkontor i Førde og ein montørbase elektro i Loen.
Vi er 30 tilsette som til ei kvar tid står klar for å hjelpe våre kunder både med elektro- og rørleggerinstallasjoner.
Vi leverer alt i forbinding med nybygg og rehabilitering for privat, landbruk, næring og offentleg.
I tillegg tar vi på oss service og vedlikehaldsavtaler for eksisterande bygninger.

Vi er medlem i Elfag og Bademiljø, landets leiande kjedar innan sine fag.
Dette gjev oss tilgang til dei beste og mest anerkjente leverandørane for elektro og rør, samt sikrar
oss gode prisar og god kvalitet. Vi opplever at marknaden set stor pris på at dei kan «shoppe» elektro og rør
hos same selskap. Dette er heilt klart med å forenkle prosessen i prosjektet, både for kunden og oss sjølv.
For eksempel leverer vi komplett oppussing av bad der vi tek ansvar for heile prosjektet og har med alle faggrupper i våre pakkeprisar.

Vi ser på våre tilsette som selskapets største og viktigaste ressurs, og jobbar difor aktivt med
å skape gode og trygge arbeidsplassar. Dette er vi overbevist om at til slutt kjem deg som kunde til gode.
Vi har også mål om å støtte lokal aktivitet med hovedfokus på barne- og ungdomsaktivitetar.
Så har du planar om å pusse opp, bygge på eller bygge ny bustad vil eg oppfordre deg
til å ta kontakt for uforpliktane tilbod, samt råd og tips som er greie å ta med seg.

Vi legg mykje ære i at du skal bli fornøgd – prøv oss!
Finn Tilsette



Går du med tankar om å pusse opp?
Sjå utvalg av tenester for elektroavdelinga her