Har du eit hasteoppdrag?
Close
Firdavegen 16, 6800 FØRDE
Mandag - Fredag 08.00 - 16.00

Elkontroll / elsjekk

Elkontroll / elsjekk

Elkontroll / elsjekk

Du har sikkert høyrt oppfordringane frå elektrobransjen om å foreta el-sjekk. Årsaka er at vi ynskjer å hjelpe til med å sikre bustaden din, sjølv om det juridiske ansvaret ligg hos deg som eigar.

Visste du at det er forskjell på ein el-sjekk og ein el-kontroll? Hos oss tilbyr vi begge delar, likevel gjer vi deg oppmerksam på at det er el-sjekk som er det mest vanlege.
Vi kan også tilby den meir omfattande el-kontrollen der vi ser behovet, men då må det inn personell med spesiell sertifisering.

Feil ved det elektriske anlegget kan få store konsekvenser. Ansvaret for at det elektriske anlegget er i orden er det du som eigar av bustaden som har. Vi anbefaler elsjekk utført av fagfolk minst kvart femte år eller når du har mistanke om at det kan vere feil eller mangler i anlegget. Dei fleste forsikringsselskap gjev gode rabattar i premien om ein kan legge fram tilstandsrapport frå elsjekk utført av godkjente montørar.

Vi utfører tilsyn og kontroll av elektriske anlegg i bustad, landbruk, næring og industri i henhald til gjeldande forskrifter.
I tillegg er alle våre montørar autorisert for å gjennomføre Gjensidige sine eigne elsjekkar.

Kva er ein el-sjekk?

Ein el-sjekk betyr at ein elektrikar kontrollerar det elektriske anlegget på eit overordna plan. El-sjekken er ein overordna gjennomgong av sikringsskåp, kablar, stikkontakter og brytarar der ein tek stikkprøver ved mistanke om avvik. Sjekken er meint for å oppdage grove og graverande feil, slik at kunden føler seg tryggare i førehald til brannfare og straumgjennomgong.

Kva er ein el-kontroll

Ein el-kontroll er ein utvida kontroll, og er meir omfattande enn el-sjekken. Denne skal utførast av personell med spesiell sertifisering. Normalt startar kontrollen i sikringsskåpet der elektrikaren ser etter varmegang og kontrollerar skåpet sin generelle tilstand. I tillegg kjem sjekk av straummålar, samt jordfeilbrytar og overspenningsvern dersom dette er installert. Altså en grundig kontroll av el-anlegget.

Sjekk vs kontroll

Du kan få hjelp til begge kontrollar når du kontakter oss, men det er viktig å vite at det er stor skilnad på el-sjekk og el-kontroll. Det sistnevnte er mest omfattende og krevjer personell med spesiell sertifisering.

«Sjekken er ment for å oppdage grove og graverende feil, slik at kunden føler seg tryggere…»

Med andre ord: Ein visuell kontroll med stikkprøver og målingar, samtale med bustadeigar/bebuar. Det blir også gitt generelle råd om elsikkerheit, jordfeilbrytar, overspenningsvern, skjøyteledningar etc. med eventuelle forslag til forbetringar.

 

Bestill ein el-kontroll eller el-sjekk  hos oss i dag.