Lys og installasjon slik du vil ha det:
Det er opp til deg korleis lyset i bustaden skal oppføre seg. For eksempel kan du programmere lysa på soverommet til å vekke deg ved å gradvis auke lysstyrke. Å stå opp til sin eigen, private soloppgong er akkurat så herleg som det høyres ut som. Styringa kan også kombinerast med sensorar som skrur lysa av og på, avhengig av om nokon er tilstede.
Rett lys på rett stad er viktig for trivsel og miljø, og ein gløymer ofte kor viktig godt lys er i det daglege. Det er ingen fasit på korleis ein skal belyse dei forskjellig romma i ein bustad. Vi treng godt arbeidslys for lesing, arbeid og reingjering, men samtidig ynskjer vi å kunne lage gode stemninger med lyset når vi skal slappe av eller kose oss i godt selskap.
Med ein lysdimmar kan ein på ein enkel måte lage god variasjon mellom stemingslys og godt arbeidslys, eller ein kan installere smarthusløysingar der ein kan lage lysscenarioer samtidig som ein kan spare straum.
Vi installerer tradisjonell belysning, spotlights, downlights og utebelysning.
Kom innom oss for ein lysprat og lat oss hjelpe til med å planlegge lyset i din bustad.
Treng du inspirasjon, tips og råd?
Klikk deg vidare på denne lenka for å sjå produkt, inspirasjonsbilete og få gode råd.
Vår leverandør, ELKO, leverar flotte, moderne og stilriktige produkt til alle rom i din bustad.