Vestland Elektro og Rør AS


KUNNGJERING:
Frå 1. oktober 2020 utvidar Vestland Elektro og Rør si verksemd ved å slå seg saman med Jølster Rør. Vi er svært glade og stolte over å få solide Jølster Rør med Trond Aardalsbakke og Bjørn Egge med på laget vårt. Dette styrkar oss på Jølster og sikrar lokale arbeidsplassar, noko som vi tenker kjem både kundar og lokalsamfunn til gode.
I Vikavegen 104 på Skei har vi no ei fullverdig avdeling som leverer både elektrikar- og rørleggartenester. Svein Årdalsbakke og Trond Aardalsbakke står klare til å hjelpe kundane med «alt» innan elektro og rør!
Vestland Elektro og Rør AS har sitt hovedkontor i Førde, avdeling på Skei i Jølster og montørbase (elektro) i Loen. Totalt er vi over 40 tilsette fordelt på desse lokasjonane, og vi meiner vi er godt rusta til å bistå våre kundar med både smått og stort.
Ta kontakt med oss så skal vi hjelpe deg så godt vi kan!
OM VESTLAND ELEKTRO OG RØR AS:
Vestland Elektro og Rør vart etablert i 1998, den gang som Førde Elektro.
Etter 10 år som rein elektrobedrift byrja selskapet med rørleggertenester i 2008 og skifta namn til Førde Elektro og Rør.
I 2019 gjekk tre tilsette saman og kjøpte selskapet og skifta namn til Vestland Elektro og Rør. I januar 2020 kjøpte Vestland Elektro og Rør ærverdige Årdalsbakke Elektro og noko seinare i 2020, i oktober, vart solide Jølster Rør kjøpt opp. Selskapet har sitt hovedkontoret i Førde, fullverdig avdeling på Skei med elektrikarar og rørleggarar og montørbase elektro i Loen. Vestland Elektro og Rør er 100% lokaleigd av personar som har sitt daglege virke i selskapet.
Med over 40 tilsette står vi alltid klar til å hjelpe våre kunder med både elektro- og rørleggertenester. Vi leverer alt i forbinding med nybygg og rehabilitering for privat, landbruk, næring og offentleg – i tillegg har vi eiga kontrollavdeling som tek seg av elektrokontroll og serviceavtalar for næring, landbruk og privat.
Vi er stolte medlemmar av Elkonor, ein av dei leiiande kjedane i landet i sitt fag. Medlemskapet gjev oss til ei kvar tid tilgang til dei beste og mest kjende leverandørane for elektro og rør, og sikrar oss tidsriktige produkt til god pris og god kvalitet.
Vårt konsept der ein kan handle både elektrikar og rørleggar bak same dør merkar vi kundane set stor pris på då dette forenklar prosessen vesentleg for sluttbrukar.
Som eksempel leverer vi komplett oppussing av baderom der vi tek ansvar for heile prosjektet og har med alle faggrupper i vårt totaltilbod – fiks ferdig.
Så har du planar om å pusse opp, bygge på eller bygge ny bustad vil vi oppfordre deg til å ta kontakt med oss for uforpliktande tilbod, samt råd og tips som er greie å ta med seg.
Vi ser på våre tilsette som selskapets største og viktigaste ressurs, og jobbar difor aktivt med å skape gode og trygge arbeidsplassar. Dette er vi overbevisst om at kjem deg som kunde til gode til slutt. Vi skal vere ein lokal støttespelar for barne- og ungdomsaktivitetar.
Vi legg mykje ære i at du skal bli fornøgd – prøv oss!
Går du med tankar om å pusse opp badet?
dusjløysingar, blandebatteri, toalett m.m..