Close
Firdavegen 16, 6800 Førde

Røyr-i-røyr system

Røyr-i-røyr system

Røyr-i-røyr system

Eit røyr-i-røyr system er utvikla for å tilfredsstille dei tekniske forskriftene til plan- og bygningslova, som stiller funksjonskrav om utskiftbar og vannskadesikker framføring av vassrøyr i bustadar. Funksjonskravet kom i 1995, og det er eit krav om at det skal installerast i alle nye hus som blir bygd, og at det i praksis er det systemet som skal brukast. 

Korleis fungerar systemet?

Vatnet renn gjennom det indre vassrøyret, som er omslutta av det ytre varerøyret. Deretter legg ein røyr-i-røyr tilbake til eit sentralt plassert fordelarskåp. I dette skåpet ligg røyra til alle bustadens tappestadar samla på ein stad. Ved eventuelle skadar og lekkasjar på vassrøyr, skal varerøya sikre at lekkasjevatnet blir sikkert leda vekk til fordelerskåpet, før det synleggjerast og går vidare til eit rom med sluk i golvet. 

På grunn av måten dette er kopla saman er det mogleg å trekkje ut og byte vassrøyra utan at veggar eller dører må brytast opp. Det er viktig at varerøyr klamrast godt slik at dei sit fast til bygningskonstruksjonen, men ikkje slik at dei tek skade. Dette er helt avgjerande for kor lett det er å skifte vassrøyra.

 

Kontakt oss angåande røyrsystem og løysingar: